Ein av dei portretterte i “Syngande hjarte” er ingen ringare enn Cily Shakti – råsprek yogaguru og båtbuar, som gjerne lar sykkelturar vare i fem år.
Tekstsnutten eg deler frå denne kloke dama sitt kapittel blir denne:
Cily opponerer mot det vanlege livsbildet av kva som er viktig og riktig.
– Karrierejag, prestisjejobbar, stadig høgare levestandard og fleire materielle gode…
Ho ristar lett på hovudet. Blikket blir ivrig og inntrengande.
– Eg treng ikkje vere best. Eg vil heller vere ein MacGyver-type, ein som kan noko om mykje og som overlever under alle tilhøve. Prestisje betyr ingenting. Det viktige er kva du får menneska rundt deg til å føle.
Cily vil lære seg å vere sterk, åleine. Ho meiner at ho har hatt altfor lett for å gje opp seg sjølv for at andre skal ha det bra.
– Livet er for kort til å levast for andre. Ein vil uansett aldri klare å tilfredsstille alle. Å leve åleine gir meg tid til å lytte til meg sjølv. Det har tatt ekstremt lang tid, men eg har endeleg lært å vere meg sjølv nærast for å vere ei god støtte for andre.
Smilet kjem sigande.
– Det fine er at livet er i konstant endring. Ingen ting er rissa i stein. Ein kan legge så mange planer ein berre orkar, men ein har ingen garanti for at dei blir noko av.